Kva slags trær skal stå att?
Kompetansemål
-
- stille spørsmål og lage hypoteser om naturfaglige fenomener, identifisere avhengige og uavhengige variabler og samle data for å finne svar
Fag: NATURFAG
Klassetrinn: 8.-10. trinn
Oppgavetype
- Utforskende/praktisk læring
Etterkvart som trea i skogen veks opp, konkurrera dei om næringa, lyset og plassen dei skal vekse på. I denne oppgåva skal vi merke dei trea som bør fellast.
Bilde: På teikninga ser du eit tre som er krokete, eit som veks dårleg og eit tre med dobbel trekrone.
I ein skog der målet er å produsera tømmer til industrien, tek vi bort nokre tre, slik at dei som står att er sikra betre vekst. Gjer vi dette når trea er under 10 år, utfører vi ungskogpleie. Er skogen eldre, tynnast skogen.
Gjennom tynning og ungskogpleie vel vi ut dei beste trea. Det er alltid dei største og sterkaste trea. Ved tynning og ungskogpleie veljar vi også kva for eit treslag som skal være i skogen.
Gå saman i grupper.
Bruk 10 minuttar og merk dei trea som bør fellast og grunngi kvifor.
Nokre argumenter for å felle et tre:
- Krokete stamme
- Treet er stutt og har dårleg trekrone
- Treet har dobbel krone
- Treet har toppbrekk
- Treet har få og tynne kvister
- Uønskt treslag