Lære med Skogen logo
Undervisningsressurser
Undervisningsopplegg

Undervisningsopplegg om skog – i tråd med læreplanverket

Pedagogikk og didaktikk i skogen

Den naturlige læringstrappa

Læremidler

Nyttige verktøy og hjelpemidler

Ord om skog

Forklaring på begreper relatert til skog

Temasider Arrangementer og kurs Spør om skog
Tilbake til oppgavesøk

Lag ein sopelime

Foto: Helene B. Oudenstad

Bli kjend med bjørka og lag eit produkt frå det som vanlegvis blir ein rest etter hogst.

Innleiing

Sopelime er ein kvast av samanbundne kvister til å feie med. Det å lage ein sopelime er ein gammal tradisjon og eit handverk som blir utøvd over heile verda. Bjørk er eit treslag med lange, tynne greiner, noko som gjer det veleigna til å lage feiekost av. Resultatet blir eit flott produkt som kan brukast kvar dag gjennom heile året.

Utstyr og materiell

  • bjørkeris
  • rundstokk (ikkje nødvendig)
  • greinsaks
  • spikkekniv
  • ståltråd
  • tang

Kommentarar og faglege tips

Kvist frå bjørk blir ofte kalla bjørkeris. Ein fin måte å skaffa bjørkeris på er å ta kvister i samband med hogst eller ungskogpleie, då slepp me å kutta kvister frå tre som skal veksa vidare. Bruk greinsaks om du må henta kvist frå ståande tre, det gjer at skada på treet blir mindre.

I denne oppgåva lagar vi også skaft av bjørkeriset. Mange føretrekkjer derimot å setja på eit eige skaft i tre, gjerne ein rundstokk.

Gjennomføring

Ein sopelime blir laga av kvist frå bjørkeris som er bunden saman med ein eller fleire julingar (eller ståltråd). Ein juling er ein kvist som er vridd slik at fibrane har losna. Det gjer at kvisten blir tøyeleg og kan bindast rundt bjørkeriset. Det er også mogleg å bruke ståltråd eller ulike typar sterke band for å binde saman bjørkeriset.

Gå ut finn kvister frå bjørk, du treng 15-16 kvister, 1-1,5 m lange, til ein god sopelime. Bruk den tjukkaste delen av kvisten til skaft.

Ta av småkvist og borken på den delen av kvisten som skal bli skaft, slik at ikkje skaftet blir for tjukt. Når du har teke av borken på alle kvistane, samlar du dei til ein bukett og slik at du kan binde kvistane saman. Sjå bildeserien under.

Foto: Helene B. Oudenstad

I denne oppgåva har vi valt å bruke ståltråd for å binde saman kvistane.

Legg ein ståltråd på omlag 30 cm dobbelt. Surr han rundt buketten med bjørkeris og tvinn endane på ståltråden saman med hjelp av ei tong. Klipp ståltråden slik at endane blir 1 cm og bøy endane inn i skaftet, slik at den som bruker sopelimen ikkje riv seg opp på ståltråden.

Foto: Helene B. Oudenstad

Du bør ha tre eller fire samanbindingar på skaftet for å få ein sopelime som held mål.

Foto: Helene B. Oudenstad

No er sopelimen ferdig og klar til bruk.

Klassetrinn

1.-7. trinn

Fag

KUNST OG HÅNDVERK

Oppgavetype

Ting å lage

Kompetansemål

1.-2. trinn KUNST OG HÅNDVERK

- bruke håndverksteknikker og håndverktøy i utforming av tre, leire og tekstil på en miljøbevisst og trygg måte

1.-2. trinn KUNST OG HÅNDVERK

- planlegge og konstruere i naturmaterialer etter inspirasjon fra samisk og lokal byggeskikk

3.-4. trinn KUNST OG HÅNDVERK

- undersøke hvordan tradisjonshåndverk, inkludert samisk håndverk, utnytter naturmaterialers egenskaper, og bruke erfaringer til å lage enkle bruksgjenstander

5.-7. trinn KUNST OG HÅNDVERK

- undersøke materialene i ulike gjenstander og vurdere funksjon, holdbarhet og muligheter for reparasjon og gjenbruk

Lære med Skogen

Kontakt oss

E-post

ala@skogkurs.no

Telefon

971 65 634

Om Lære med skogen

  • Om oss
  • Nyheter

Hold deg oppdatert

Meld deg på nyhetsbrev