Finn framtidstrærne i skogen
Vurder trærne og merk dei som skal fellas.
Bilde: På teikninga ser du eit tre som er krokete, eit som veks dårleg og eit tre med dobbel trekrone.
I ein skog der målet er å produsera tømmer til industrien, tek vi bort nokre tre, slik at dei som står att er sikra betre vekst.Etterkvart som trea i skogen veks opp, konkurrerar dei om næringa, lyset og plassen dei skal vekse på. I denne oppgåva skal vi merke dei trea som bør fellast. Gjer vi dette når trea er under 10 år, utfører vi ungskogpleie. Er skogen eldre, tynnast skogen.
Gjennom tynning og ungskogpleie vel vi ut dei beste trea. Det er alltid dei største og sterkaste trea. Ved tynning og ungskogpleie veljar vi også kva for eit treslag som skal være i skogen.
Gå saman i grupper.
Bruk 10 minuttar og merk dei trea som bør fellast og grunngi kvifor.
Nokre argumenter for å felle et tre:
- Krokete stamme
- Treet er stutt og har dårleg trekrone
- Treet har dobbel krone
- Treet har toppbrekk
- Treet har få og tynne kvister
- Uønskt treslag